Laurdag 13. september arrangerte NAF-avdelingane i fylket open dag på NAF-bana  i Stardalen.

Det var dei godt vaksne sjåførane som var dei første til å møta opp for å prøva dei ulike øvingane på bana. Nokre av dei køyrde så mykje som dei berre kunne sidan dei var, etter eige utsagn, var veldig usikre på glatt føre.

Lenger ut på føremiddagen kom også dei yngre for å prøva seg på glattkøyringsbana, og det var fleire av dei som sikkert fekk seg ein aha-opplevelse når det gjaldt å behandla bil på glatt underlag.

Dei frammøtte kunne også ta del i ein quiz og besøkja Dekkmann sin stand på bana.