Er du trygg på glatt veg? Nyare bilar med mykje sikkringsutstyr krev eit anna køyremønster enn det du kanskje er van med. Kom til glattkøyringbana i Stardalen, få kyndig rettleiing korleis du skal handtere bilen din om du får skrens, du får og prøve dette i praksis på bana.

Korleis kome seg ut av ein bil som uheldigvis har hamna på taket? NAF avd. Fjordane og Ytre Sogn stiller med "Veltepetter", ta ein runde, her kan du få oppleve at  kan vere problematisk å kome seg laus frå sælane når du heng på hovudet. Instruktør vil rettleie deg i korleis du kjem deg laus, og kan krabbe ut av bilen medan den heng "oppned".

"Bråstopp". Kollisjonsimulator med bråstopp i liten fart kan du sjølvsagt og få oppleve.

Det vert og høve til å delta i ein "Quiz".

Møt opp! Ingen kostnader.