NAF har dei seinaste åra hatt ei markering for medlemmar som har vore trufaste i organisasjonen i 50 år. Dette har me fått tradisjon for i Årdal og. Desse medlemmane, med følgje, vert invitert til eit hyggeleg samkome saman med styret i desember. I år blei denne markeringa gjennomført 11. desember.

I år var det fem medlemmar som passerte denne milepelen. Desse har 50 års medlemsskap i 2013: Ragnar Flugheim, Eystein Sandvik, Tor Valaker, Jørgen Johan Natvik og Johannes Yttri. Ragnar Flugheim og Eystein Sandvik hadde ikkje høve å delta.

På Klingenberg Hotell vart det servert juletallerken med tilbehør. Det vart ei koseleg stund rundt bordet og ved slutten av bordseta fekk jubilantane overrekt heidersteikn for langt og trufast medlemsskap.

50_årsjubilantatr

Frå venstre: Jørgen Johan Natvik, Tor Valaker og Johannes Yttri.