Også i år tilbyr lokalavdelinga eit rusfritt arrangement til avgangselevane i grunnskulen natt til 1.mai. Denne kvelden er sett av til elevar i Førde kommune etter ynskje frå foreldre og lærarar. 

Tilbodet denne kvelden kan variere noko, men vi kan tilby aktivitetar som go-cart, paintball, radiostyrte bilar, veltepetter, bråstopp, førstehjelp og evt bogeskyting. Som avslutning på kvelden serverer vi pizza og brus i Skyttartun sine lokaler.

Ynskjer du som er klassekontakt å melde på ein klasse? Ta kontakt med leiar i avdelinga.