Program for årsmøte: 

Anne Strand-Gjesdal og Vegard Hafsteen frå NAF forbundskontoret og Malvin Horne frå A til Å Grafisk Design og Media vil innleie årsmøtet med temaet "Alt er i endring...det som er utmerka i dag...ikkje i mårra". Teknologien er i stadig utvikling, og dette skjer stadig fortare. Samstundes set nye miljøkrav begrensningar i type utslepp og vi må som trafikantar tenkje annleis enn før. Korleis påverkar det NAF og kva vi skal vere for våre medlemmar? 

Etter foredraget vil vi gå vidare med vanlege årsmøtesaker og val. Innkomne saker til åsmøte må vere styret i hende to veker før sjølve årsmøtet. 

Avdelinga er 85 år i år, og dette vil vi markere under festmiddag på kvelden. Medlemmar som ynskjer å delta på festmiddag må melde seg på til styreleiar Bente Liabø Thorsen på tlf. 913 11 107 innan fredag 10.mars. 

Styret