Det vert vanlege årsmøtesaker i tråd med NAF sine vedtekter §16.

Alle medlemar med gyldig medlemskap har stemmerett. Det er ikkje høve til å stemme ved fullmakt på årsmøte. 

Andre saker som medlemar ynskjer å få handsama av årsmøtet må vere styret i hende innan 2 veker før årsmøtedato. 

Årsmelding og rekneskap vert lagt ut til gjennomsyn ved NAF-senteret i Fjærevegen 2, Førde. 

Det vert festmiddag om kvelden etter årsmøtet frå klokka 19:00. Dei som ynskjer å delta på festmiddagen må melde seg på til Katrine Underlid på e-post kat-u@online.no eller mobil 918 06 031. Eigenandel kr 250,-. 

 

styret