NAF vedtok på sitt landsmøte i Svolvær i mai strategisk retning for perioden 2017 - 2024. Det vert jobba med ein ny økonomisk modell i NAF for å kunne finansiere tiltaka som er føreslegne i den vedtekne strategien. Den økonomiske modellen føreset at lokalavdelingane bidreg med økonomiske midlar til utvikling av nye produkt og tenester i NAF. 

Landsmøtet fatta i sak 5.2 følgjande vedtak som ei oppmoding til alle lokalavdelingar: "Landsmøtet oppfordrer alle lokalavdelnger med overskuddskapital om å overføre denne til NAF Utviklingsfond". 

Ei eventuell overføring av midlar frå lokalavdelinga til Utviklingsfondet krev årsmøtevedtak lokalt. Vi kallar inn til ekstraordinært årsmøte for å få handsama denne saka i forkant av planlagd ekstraordinært landsmøte i NAF i midten av september. 

Sidan det vert enkel servering i møte ynskjer vi påmelding. Ta kontakt med styreleiar Bente Liabø Thorsen på mobil 913 11 107 eller epost fjordaneogytresogn@naf.no