Vekevinnarane frå Førarkonkurransen 2015 på Facebook møtes til finalerunde i Statens Vegvesen sine lokale i Førde. 

I denne finalerunden trekkjer vi ut to vinnarar, ein gut og ei jente frå Sogn og Fjordane, som får dekka opplæring til førarkortet med inntil kr 20.000,-. 

Vi vil følgje denne guten og jenta i reisa fram til dei har fått førarkortet og sjå korleis dei byggjer trafikkhaldningar og trafikkåtferd undervegs. 

NAF samarbeider med Trygg trafikk, Politiet og Statens Vegvesen om konkurransen.