Årsmøtet skal handsame saker etter NAF sine vedtekter §16. Saker som medlemmar ynskjer handsama på årsmøtet må vere styret i hende seinast to veker før årsmøtet, dvs innan laurdag 29.februar

Det vert årsmøtemiddag laurdag kveld. Medlemmar som ynskjer å vere med på årsmøtemiddagen må melde seg på til e-post fjordaneogytresogn@lokal.naf.no innan fredag 6.mars. Vi føreset at påmelde til middag også stiller på sjølve årsmøtet. Eigenandel for middag er kr 300,-, som vert fakturert den enkelte etter årsmøtet. 

Her finn du aktuelle dokument til årsmøtet: 

Sakliste til årsmøtet 2020

Årsmelding frå styret 2019

Årsmeldingar 2019 og saksdokument til årsmøtet 2020

Årsrekneskap 2019 med noter

Revisors beretning 2019

 

Styret