24.januar 1932 klokka 16:00 vart Norges Automobil-Forbund Avd. Fjordane og Ytre Sogn stifta i kommunelokala i Førde. Avdelinga sin første leiar var lensmann Johan Askevold. Han var oppvaksen i Askvoll og vart seinare tilsett som lensmann i Gaular. Han var leiar til 1938, då han sa frå seg attval. 

Eitt av dei første initiativa NAF-avdelinga, med Johan Askevold i spissen, tok, var arbeidet for bilferja Innvik – Faleide. Den vart sett i gang i 1932. I november 1932 sende lokalavdelinga også ei oppmoding til Fylkesbaatane (i Sogn og Fjordane, red.anm.) om å skipe ferjesamband mellom Vadheim og vegane i indre Sogn.

Frå den tidlegaste historia og fram til i dag manglar vi mykje informasjon, seier styreleiar Bente Liabø Thorsen. Tidlegare hadde vi kontor saman med Gjensidige i Førde og felles sekretær, men etter at vi flytta til eigne lokale på Øyrane skal alt materiale ha blitt pakka og flytta dit. Elles har nok ein del møtebøker og referat blitt oppbevart hos dei som til ei kvar tid var styreleiarar i avdelinga, vil eg tru, seier ho vidare. Slikt var vanleg før vi fekk datamaskiner og begynte å føre inn saker digitalt. 

Vi flytta inn i nytt NAF-senter på Øyrane i Førde rundt 2006-2007, og vi finn møtebøker attende til 1990-talet der. Før den tid har vi lite historie, og mange av dei tidlegare leiarane i avdelinga lever ikkje lenger. Torolf Vie, som var leiar i to periodar på -70 og -80 talet, prøvde å få samla noko av historia frå arbeidet i NAF i ei bok om livet sitt, men også då hadde vi utfordringar med å finne stoff til boka. Torolf gjekk diverre bort i fjor. Då eg sjølv kom inn som styremedlem, var det nokre styremedlemmar som var i gang med å få laga eit dokumentarkiv ute på senteret, men av ulike grunnar vart ikke dette arbeidet fullført, seier Thorsen. 

No som avdelinga er 90 år i år og det samstundes er "frivillighetens år" hadde det vore kjekt å få samla historia vår. Vi har funne litt opplysningar gjennom Firda sitt digitale arkiv, men dersom det er medlemmar eller andre som sit på materiale som kan belyse tidlegare aktivitet i avdelinga, så må dei for all del ta kontakt med oss, avsluttar Thorsen.