I helga fekk avdelinga sin første el-bil i samband med årsmøtet i Førde.

Bilen, ein VW Golf, skal vere eit tilbod til medlemmar som har bilen inne til testing ved NAF-senteret på Øyrane. Medlemmar har kanskje behov for å gjere andre ærend i Førde medan bilen vert testa, og no har dei høve til å få låne bilen inn til sentrum. Ein del har kanskje ikkje prøvd ein el-bil før, andre vurderer det eventuelt som sin neste bil. 

I tillegg til å låne ut bilen ved senteret vil tillitsvalde i avdelinga nytte bilen ved aktivitetar ulike stader i Sunnfjord og Ytre Sogn.