På landsmøtet i Svolvær vart strategisk retning for perioden 2017 - 2024 vedteken saman med ein handlingsplan for perioden 2017- 2019. For å kunne realisere dei vedtekne planane vert det jobba med ein ny økonomisk modell i NAF. Denne modellen er ikkje endeleg vedteken enno, men det er planlagt ekstraordinært landsmøte i midten av september for å behandle den økonomiske utviklingsmodellen samt få handsama nødvendige vedtektsendringar som følgjer av modellen. 

Som ledd i at den strategiske retninga for NAF fram mot 2024 vart vedteke, fatta landsmøtet også  følgjande vedtak mot to stemmer og to blanke: "Landsmøtet oppfordrer lokalavdelinger med oveskuddskapital om å overføre denne til NAF Utviklingfond". Ei slik eventuell overføring av lokalavdelinga sine midlar kan ikkje skje utan at det er behandla av årsmøtet. Vi kallar difor inn til ekstraordinært årsmøtet for å ta stilling til om avdelinga ynskjer å overføre sin overskotskapital til NAF Utviklingsfond etter framlagt modell. 

Sakspapira vert lagt ut på NAF-senteret i Førde til gjennomsyn. 

Det vert lett servering i møte, så vi ynskjer påmelding. Ta kontakt med styreleiar Bente Liabø Thorsen på telefon 913 11 107 eller epost fjordaneogytresogn@naf.no