NAF avd Fjordane og ytre Sogn har motteke henvendingar frå trafikantar og bebuarar på sørsida av Jølstravatnet som fryktar auka trafikk når arbeidet med utbetring av E39 mellom Bjørsvik og Skei startar opp. Uroa vart allereie spelt inn til Statens vegvesen under eit informasjonsmøte på Skei i august i 2015 i samband med orientering om reguleringsplanen for ny tunnell i Kjøsnesfjorden. Bebuarar på sørsida av Jølstravatnet ynskte allereie den gong at tunellmassar frå Kjøsnesfjorden kunne brukast til å utbetre fylkesveg 451 for å løyse eventuelle trafikkutfordringar som følgje av arbeidet med E39 mellom Bjørsvik og Skei. 

Prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen seier at dei ikkje har fremja fylkesveg 451 som alternativ rute under under anleggstida. Den generelle standarden på vegen er for dårleg og ei opprusting av vegen vil auke trafikken monaleg. Han seier vidare at dei har retningsliner å følgje som seier at på vegar som E39 skal ikkje folk vente i meir enn eitt kvarter. Sidan det også skal byggast gang- og sykkelveg på strekninga mellom Bjørsvik og Skei, er det større areal å avvikle trafikken på. 

NAF tenkjer at ei ventetid på 15 minuttar er akseptabelt. Ei omkøyring på sørsida vil fort ta like lang ekstra køyretid. Av omsyn til trafikktryggleiken meiner vi at vogntog ikkje må få køyre på fylkesveg 451, og at dette må skiltast så tidleg og så godt som mogeleg på alle tilførslevegar. Vi vil elles oppmode våre medlemmar om å ikkje køyre sørsida dersom det ikkje er heilt nødvendig.