I dag startar Førarkortkonkurransen 2015, der unge i heile Sogn og Fjordane kan delta i håp om å vinne eit gratis førarkort.

 

– Eg håpar at vi gjennom denne konkurransen kan bidra til å trygge unge trafikantar og gje dei unge gode haldningar til trafikkåtferd, seier avtroppande styreleiar i NAF Fjordane og ytre Sogn, Atle Lerpold.

Konkurrerer på Facebook

Konkurransen set trafikkunnskapane på prøve gjennom konkurransar kvar veke på Facebooksida Førarkortkonkurransen 2015.

Kvar veke vert det kåra vekevinnarar som får delta i finalen i Statens Vegvesen sine lokaler i Førde 9. mai. Etter denne finalen vil det verte kåra to endelege vinnarar, ein gut og ei jente. Desse vil NAF følgje og dekke alle utgifter for resten av vegen til førarkortet, inntil 20.000,- kroner.

Kriteria for å delta er at ein er mellom 17 og 20 år, kjem frå Sogn og Fjordane og har planer om å ta oppkøyringa til førarkortet innan utgangen av 2015.

Set tryggleiken først

Gjennom konkurransen håpar NAF i Sogn og Fjordane å synleggjere at NAF er ein organisasjon som ikkje berre arbeider for reine medlemsfordelar, men også for trygg trafikk.

– Det aller viktigaste for oss er trafikktryggleik. Det verste eg opplever er når unge menneske mister livet i trafikken, slik som skjedde i Florø ved inngangen til påskehelga, seier Lerpold.

Fleire andre instansar som dagleg arbeider for betre trafikktryggleik har slutta opp om konkurransen. Blant desse er Trygg trafikk, Politiet og Statens vegvesen.

Kontaktpersonar i NAF avd. Fjordane og ytre Sogn:

Atle Lerpold, avtroppande styreleiar 

917 20 289

 

Bente Liabø Thorsen, styreleiar 

913 11 107

 

Magnar Hellebust, kasserar 

975 15 676

 

Vidar Fossen, styremedlem 

911 30 066

 

 

foto@Alf Vidar Snæland 2015