Dette rammar klubben hardt, seier leiar Frode Hellebust. Vi hadde ei slags forsikring, men vi veit ikkje om den dekkjer tapet, seier han vidare. ATV'ane som gjekk med i brannen vart brukt til utlån i klubben, og var viktig for at dei som ikkje har råd til å kjøpe sin eigen ATV også kan vere med. Klubben har for tida 15 medlemmar, og det er særleg barn og ungdom som er med. 

NAF avd. Fjordane og ytre Sogn og vårt arbeidsutval for Fjaler, Hyllestad, Solund og Askvoll tek sterkt avstand frå slikt hærverk som har ramma klubben. Dette går ut over uskuldige og rammar aktivitet for barn og unge som kanskje ikkje finn si interesse på fotballbana. Vi ynskjer difor å støtte klubben med kr 5.000,- og håpar bedrifter, lag og organisasjonar også vi gi eit bidrag, slik at klubben kan få i gang att aktivitet så snart som mogeleg.