Laurdag 9.mai møtte ni ungdommar frå heile fylket til finale i årets Førarkortkonkurranse. Målet var å få sponsa 20.000 kroner til førarkortopplæringa.

 

Ungdommane møtte på trafikkstasjonen i Førde, der representantar frå NAF-avdelinga tok imot dei. Dei fekk utdelt oppgåvesett med 50 spørsmål som skulle svarast på innan 45 minutt. Sensorar var Audun Heggestad frå Trygg Trafikk og Alf Erik Vereide frå NAF avd. Nordfjord. Alle mobiltelefonar vart inndregne før prøva.

 

Etter 45 minutt var det slutt. Rakk dei å besvare alle spørsmåla? - Kva svara du på spørsmål 22 c, spør dei kvarandre. Dette var visst eit vanskeleg spørsmål for fleire. Etter som ungdommane spør kvarande om oppgåvene aukar spenninga. Sensorane er i gang med å sjekke svara og kåre ein vinnar. Medan dei jobbar vert det servert NAF-kake og kaffi, brus og bollar til ungdommane og dei frammøtte foreldra. Innimellom går journalisten frå Firda og tek bilder og noterer. Det tek tid for sensorne å gå gjennom alle oppgåvene. 

 

Endeleg er sensorane ferdige. Oppgåvene er sjekka og dobbeltsjekka. Ein gut og ei jente skal stå att som vinnarar. - Det hadde vore veldig kjekt om eg vann, seier ei av jentene. Foreldra er minst like spente. For mange er det vel deira lommebok som slepp å verte 20.000 kroner fattigare. 

Styreleiar Bente Liabø Thorsen kjem ut med to sjekkar. Ho held dei sik at namna på vinnarane er skjult. Ungdommane og foreldra samlar seg. 

- Den første vinnaren vi skal kåre er ei jente. Ho er ikkje frå Førde, ho er russ, og ho heiter Gunnhild, seier Thorsen. Gunnhild jublar. Sparepengane kan no gå til noko anna enn førarkort.

- Den andre vinnaren er då ein gut. Han er frå Førde, og heiter Tore, held Thorsen fram. Tore er tydeleg nøgd med å bli trekt ut som vinnar. 

 

NAF-avdelinga vil følgje vinnarane vidare mot førarkortet, og nytte dei som rollemodellar i arbeidet med trafikktryggleik. 

Dei øvrige finalistane går ikkje heilt tomhendte heim. I samarbeid med NMK Sunnfjord får dei eit gåvekort kvar på go-cartkøyring i Kråkenesmarka.

 

Sjå video av vinnarane på facebook på "NAF Førarkortkonkurransen 2015"

 

Foto: privat