2016 har vore eit aktivt år for avdelinga vår, der vi har delteke i høyringsmøte om Nasjonal transportplan (NTP) og Regional Transportplan (RTP) og gjeve våre innspel til desse planane. Vi har også gjeve uttaler i høve "Førdepakken" og til kommunale trafikktryggleiksplanar. Dette er gjerne aktivitetar som medlemmane ikkje ser i det daglege, men som vi håpar skal gi effekt på lengre sikt. Trafikktryggleik og politisk påverknad skal vere dei viktigaste oppgåvene for vår avdeling, og dette vil det verte jobba mykje med i det komande året. I tillegg vil vi satse vidare på aktivitetane for 10-klassane i Kråkenesmarka 30.april og 16.mai, sykkelaktiviteten "Sikker på sykkel" for 4.-6.klasse med distriktsfinale i mai og landsfinale i juni og deltaking på marknader vår, sommar og haust med veltepetteren vår. Kanksje kjem også NAFFEN på besøk. 

Haustaktivitetetar i 2017 vil m.a. vere open dag på glattkøyringsbana i Stardalen i september og refleksaksjonar i oktober og november. I tillegg skal vår avdeling vere vertskap for region vest sitt årlege møte i oktober. Vi ser det som ei stor ære å bli tildelt denne oppgåva, og håpar samstundes at vi får gleda av å vere vertskap for NAF sitt landsmøte i 2019. 

I mars vil vi halde årsmøte for 2016, og valnemnda vår vil jobbe aktivt med å finne tillitsvalde til verv i avdelinga fram mot dette. Dette vil vere verv i arbeidsutval, trafikktryggleiksutval, samferdsleutval og valnemnd. Vi ser etter medlemmer som har ei særleg interesse for trafikktryggleik og samferdsle, men som samstundes vil vere politisk uavhengig. Vi håpar du stiller deg positiv om valnemnda tek kontakt med akkurat deg. 

Så gjenstår det å takke for 2016 og ynskje alle våre medlemmer eit riktig godt nytt år! Vi lovar å stå på vidare for deg i 2017 for at du skal kunne ferdast trygt, effektivt og miljøvennleg på di kvardagsreise.