Har du vore NAF-medlem i meir enn 6 månader? Då kan du velgast inn både til styret og valnemnda i lokalavdelinga. Tanken er at du skal ha ei viss kjennskap til NAF og korleis NAF er organisert før du tek på deg slike verv i lokalavdelinga. 

Vi skal no sette saman ny valnemnd, og ser etter medlemmar som kan vere med og finne dyktige kandidatar til styret og arbeidsutvala. Valnemnda bør samrbeide godt med styret for å vurdere kva kompetanse som trengst, ikkje berre i styret, men også ute i dei enkelte arbeidsutvala. 

Arbeidet i ei valnemnd bør føregå gjennom heile året, med ein viss regelmessig møtefrekvens. Vi ser ofte at mange valnemnder kjem for seint i gang med arbeidet og kjem i tidsnød med ei innstilling før årsmøtet. Ved å jobbe langsiktig er det også større sjansar for å finne akkurat dei kandidatane styret og arbeidsutvala treng.

Valnemnda bør vurdere kvar og korleis den kan kome i dialog med potensielle kandidatar til verv, som på medlemsmøter, aktivitetar og marknader med meir.  Valnemnda kan med fordel også ha fleire enn 2-3 medlemmar, særleg viss medlemstalet i lokalavdelinga er høgt. Då vert det fleire å fordele arbeidet på.

Valnemnda sine medlemmer vert valgt for 2 år om gangen. Årsmøtet vel leiar av valnemnda. 

Om du har lyst å vere med valnemnda, så kan du ta kontakt med oss på e-post: fjordaneogytresogn@lokal.naf.no

styret