Som NAF-medlem er du knytta til ei lokalavdeling der du bur. Det betyr at du har møte- og stemmerett på lokalt årsmøte og kan bestemme kven som skal representere deg som medlem både lokalt og på NAF sitt landsmøte. Lokalavdelingane skal bidra til å gjere NAF synlege lokalt og jobbe aktivt for trafikktryggleik og samferdslepolitisk påverknad i sitt område.

 

I NAF Avd. Fjordane og Ytre Sogn har vi over 6000 medlemmar. Med ei så stor medlemsmasse er det ei stor oppgåve for ei lokal valnemnd å nå ut til medlemmar som ynskjer å bidra litt ekstra. No gjer vi det litt annleis. No oppmodar vi medlemmar om å ta kontakt med oss! Vi treng medlemmar både med styrekompetanse, økonomi- og rekneskapskompetanse, kompetanse på sakshandsaming, samferdslepolitisk kompetanse, med meir. Vidare treng vi medlemmar som er litt ”handy”, gjerne med meir enn sertifikat klasse B, som kan hjelpe oss på aksjonar, marknader og med vedlikehald av diverse utstyr.

 

Du vert nok ikkje rik av å vere med i styret eller arbeidsutvala, men som styremedlem vil du motta eit symbolsk styrehonorar årleg, og du vil få dekka reelle reisekostnader. Tillitsvalde vil ogå få ein ekstra rabatt på nokre av NAF sine tenester og medlemstilbod.

Det er også gode høve for sentrale verv for dei rette kandidatane.

Og sist, men ikkje minst, vi er ein gjeng med tillitsvalde med godt humør og god tone når vi møtast.

 

Vil du vite meir? Ta kontakt med oss, då vel!

 

e-post: fjordaneogytresogn@lokal.naf.no

Styreleiar Bente Liabø Thorsen, mobil 913 11 107