I samband med avdelinga sitt årsmøte i Førde i helga vart det delt ut heidersdiplomar for langt og trufast medlemskap i NAF. Jubilantar med følgje vart invitert til å delta på årsmøte og årsmøtemiddag på kvelden. Av dei som hadde oppnådd 50 års medlemskap i 2014 hadde åtte høve til å vere med på markeringa laurdag ettermiddag. Dei jubilantane som ikkje var tilstades under årsmøte vil få diplomane heim til seg i etterkant.