I samband med avdelinga sitt årsmøte på Scandic Sunnfjord Hotel og Spa i helga vart sju av i alt tjuetre medlemar med 50 års medlemskap i NAF heidra under årsmøtemiddagen laurdag kveld. 

- Det var diverre ikkje alle tjuetre som hadde høve til å vere med oss i helga, seier Bente Liabø Thorsen, styreleiar i avdelinga. Alderen begynner jo å verte høg på mange av dei som har oppnådd eit så langt medlemskap, og då skrantar gjerne helsa litt også. Vi skal nok syte for at alle får sine heidersteikn, seier Thorsen vidare. 

Dei som var med under årsmøtemiddagen er: F.v. Odd Brekke, Erling Borlaug, Reidar Huus, Brynjar Svardal, Arne Ødegård, Per Østby og Alfred Ekreskar.