Under årsmøte i helga vart Bente Liabø Thorsen frå Fjaler valt til ny leiar i avdelinga. Atle Lerpold takkar av etter fleire år som leiar.

Bente Liabø Thorsen kom inn i lokalavdelinga i 2007. Ho har vore sekretær og nestleiar, i tillegg til å ha hatt sentrale verv. I 2011 kom ho inn i Strategikomiteen, som utarbeidde overordna strategisk retning for NAF i perioden 2014-2017. I 2012 vart ho fast medlem av Hovedstyret, men sa frå seg attval i 2014. I 2013 kom ho inn i Politisk komite, der ho også er med i dag. Ho håpar at erfaringa frå arbeid sentralt i NAF vil vere ein styrke når ho no tek leiarvervet i avdelinga, men seier at det er litt som å "hoppe etter Wirkola" å ta over etter Atle Lerpold, som har gjort ein betydeleg innsats for at avdelinga skal vere synleg i vårt område.

Atle Lerpold har lova å hjelpe til ei tid framover, m.a. med avviklinga av ungdomsarrangementa i Kråkenesmarka 30.april og 16.mai.