Årsmøtet skal handsame saker etter NAF sine vedtekter §16. Saker som medlemmar ynskjer handsama på årsmøtet må vere styret i hende seinast to veker før årsmøtet, dvs innan onsdag 2.september.
Det vert lett servering. Smitteverntiltak må overhaldast. Deltakarar på årsmøtet må ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjon eller ha vore i raude land dei siste 10 dagane før møtet. Alle må ta omsyn til 1-metersregelen og vere flinke å vaske hendene eller nytte spritdispensarar i møtelokalet. Av omsyn til eventuell smittesporing seinare må alle registrere seg med namn og telefonnummer når dei kjem.
Alle som har betalt medlemskontingent for 2020 har stemmerett på årsmøtet. Det er ikkje høve til å stemme ved fullmakt på årsmøtet, jf vedtektene § 16 nr. 5.
Her finn du aktuelle dokument til årsmøtet:
Årsmeldingar 2019 og saksdokument til årsmøtet 2020
Styret