Laurdal 3.oktober er det igjen mogeleg å få prøvd bilen på glatta. Då har vi Open dag i Stardalen mellom kl 11:00 og 14:00. 

I år vert det eit coronatilpassa arrangement. Det betyr at det ikkje vil vere aktivitetar eller matservering inne i møtelokala og at all informasjon vert gjeve av tilsett ved Øvingsbana medan førar og passasjerar sit i bilane. 

Arrangementet er ope for alle. Ungdommar over 16 år som har gjennomført trafikalt grunnkurs kan køyre med ein føresett. 

Representantar frå lokalavdelinga vil vere tilstades på arrangementet, og det er høve til å stille spørsmål om medlemskap og kva vi elles jobbar med i avdelinga og  i NAF. 

Velkommen!