Laurdag 13. september opnar NAF alle sine 27 øvingsbaner i Norge. Der kan du få prøvd korleis du og bilen din oppfører seg på glatt føre. Heilt gratis!

«Open dag» på NAFs øvingsbaner er gratis for alle – enten du er NAF-medlem eller ikkje. Der kan du bli kjent med eigen bil, få tips om korleis du skal reagere i farlege situasjonar, og korleis unngå dei.

Utviklinga av førarstøttesystem i bilar har vore stor siste åra, men mange kan faktisk ikkje bruke desse. Øving i kontrollert miljø er beste måten å få prøvd korleis dei nye bilane oppfører seg kontra dei gamle.

Når ein av to bilførarar i Norge faktisk er engstelege for å køyre bil om vinteren, viser det at det er eit behov for mange å oppfriske sine kunnskapar om å køyre på glatta.

Det du lærer kan redde liv

For deg som trafikant er det viktig å oppleve og forstå årsaka til at farlege situasjonar oppstår. Å kjenne sine eigne begrensningar er også avgjerande. Alle som køyrer bil har ein gong lært korleis ein skal håndtere bilen på glatt føre, men dei fleste har berre gjort dette ein gong – den gongen dei tok førarkort. Under «Open dag» får du prøvd ut dine kunnskapar på glatt føre, og det kan være med på å redde eige og andre medtrafikantar sine liv.

Sekstenåringar kan være med!

Ungdom utan førarkort, og som har trafikalt grunnkurs, kan også køyre på bana denne dagen. Dei må ha med ein ledsagar som er minst 25 år og som har hatt førarkort uavbrote i fem år i den klassa du skal øvingskøyre i.

Bana i Stardalen i Jølster er open mellom klokken 11 og 15

Vi spanderer kaffi og noko enkelt å bite i - velkomne!