Parkering i Førde sentrum har vore eit tema i mange politiske debattar den siste tida, både som følgje av den nye sentrumsstrategien for Førde og Førdepakken.

 

Mykje av parkeringsarealet i Førde ligg på privat grunn. Dersom Førde kommune, eller nye Sunnfjord kommune, på eit tidspunkt ynskjer å innføre parkeringsavgift, kva mogelegheiter har dei til dette? Kan Førde kommune regulere parkering på privat grunn?

 

Er det tilstrekkeleg parkeringsareal i Førde i dag? Kva med innfartsparkering, og kva skal til for å gjere det attraktivt å både handle og gå i Førde sentrum dei komande åra? Er parkering ”ved døra” ein føresetnad for handelen i Førde? Kva type handel vil Førde sentrum ha i framtida?

 

Desse og mange andre spørsmål ynskjer vi i NAF å få belyst gjennom eit parkeringsmøte i Førdehuset måndag 12.november klokka 19:00. Vi får Lars Monsen frå Norpark til å innleie møtet og fortelle litt om kommunen sitt handlingsrom. Deretter vil vi ha eit innlegg frå ein kvardagsbilist om parkeringssituasjonen i Førde sett med bilisten sine auge før vi opnar for debatt. Eldgrim Fossheim er kveldens konferansier.

 

Møtet er ope for alle.