Med gyldig NAF-medlemskap kan du bli tilitsvald. NAF treng engasjerte personar som er villige til å bruke noko av fritida si på at alle sin mobile kvardag skal bli tryggare og betre. Vi treng tillitsvalde med forskjellig kunnskap, bakgrunn, erfaring og lyst til å engasjere seg i lokal trafikktryggleik og trygg samferdsle. 

Kva kan eg engasjere meg i?

I NAF er det mange forskjellige oppgåver. Det kan vere verv som styremedlem, kasserar, sekretær, og til og med mogelegheiter for eit framtidig styreleiarverv eller sentralt verv. I tillegg til verv i styret er det behov for medlemmar til ulike komitéar med forskjellige føremål. Samferdslepolitisk, NAF-dagen, verving, MC, Motorsport, trafikktryggleik, trygg skuleveg, og sykkelkonkurransen er døme på aktivitetar som kan ligge til dei ulike komitéane. Arbeidsoppgåver i komitéar kan fordelast etter interesser. Kva komitéar og aktivitetar lokalavdelingane driv varierer frå lokalavdeling til lokalavdeling. 

Kva får eg att for å bruke tid på NAF?

NAF er ein organisasjon som treng deg og du kan få arbeide med det du er engasjert i. Tillitsverv i NAF gjev personleg utvikling og erfaring må mange forskjellige område. Det gjev deg høve til å påverke lokalt og høve til deltaking på aktivitetar du interesserer deg for. Organisasjonsarbeid lokalt kan føre deg til sentrale verv og større påverknad av heile organisasjonen eller i arbeidet med å gjere Noreg til eit endå betre land å vere trafikant i. NAF gjev ein erfaring som er av betydning å ha med seg vidare, gjerne som eit positivt punkt på eigen CV. I NAF er det sosialt og moro med høve til å knyte gode venskap. 

Korleis kan eg lære det eg treng i NAF?

  • Opplæring føregår ved informasjonsdeling lokalt
  • Kunnskapsdeling mellom tillitsvalde med ulik bakgrunn og erfaring
  • NAF-skulen med kurs som er tilpassa forskjellige kunnskapsnivå, interessefelt og område
  • www,naf.no eller intranett for tilsette og tillitsvalde
  • Handbøker, styrande dokument og diverse brosjyremateriell

Om eg vil bli tillitsvald - kven kontaktar eg?

Kontakt styreleiar i lokalavdelinga eller leiar av valnemnda. Dette finn du under "kontakt oss"-sida vår.