Vi har følgt med på smitteutviklinga heilt sidan januar, og har vore spente på om det vart mogeleg å gjennomføre arrangmenta for elevar i 10.klasse i år. Når vi no får så omfattande smittevernreglar for påska og fram til 12.april, trur vi ikkje det vil bli opna for å samle inntil 180 elevar til eit utandørs arrangement så kort tid etter. Det vil ogå bli utfordrande å halde 2 meters avstand alle stader, og vi vil ikkje kunne ivareta gode nok smittevernrutinar. 

Då invitasjonen gjekk ut til skulane i januar, sa vi at vi måtte ta atterhald i høve smitteverntiltak og eventuelle avlysingar. Vi informerte også om at det ville bli påmelding så langt det var plass og seinast 9.april. Så langt er det kome inn påmelding på 120 elevar for begge kveldane. Det betyr at sjølv om vi no avlyser arrangementet den 30.april, så har vi mogelegheit til å samle alle som er påmelde til  til eitt arrangement den 16.mai. Vi vil ikkje avblåse  arrangementet den 16.mai heilt enno. Den avgjersla vil vi vente med å ta til vi ser smitteutviklinga etter påske.