Covid-19 pandemien sette ein stoppar for å arrangere ungdomskveldane i fjor i april og mai. Sidan elevar i 10.klasse vert spreidd til ulike vidaregåande skular etter sommaren, var det ingen hensikt å tilby dei arrangementet att i løpet av hausten. Vi har jo også sett at pandemien har blitt endå meir langvaring enn nokon av oss hadde forventa, så her er vi, eitt år etter første nedstenging, og framleis er ting veldig usikkert. Vi kjem til å ta ei avgjerd om vi kan arrangere ungdomskveldane i veka rett etter påske, svarar Thorsen. 

Vi sende invitasjon til alle skulane med ungdomstrinn allereie i januar, og vi har fått ein del pmeldingar. Vi er framleis ikkje fullteikna, noko vi reknar med skuldast at også skulane er usikker på utviklinga framover. Normalt har vi veldig stor pågang av skular som vil melde seg på på denne tida av året, og vi har også hatt skular på venteliste, så at det ikkje er fullteikna endå skulast nok utelukkande den situasjonen vi er i. 

Vi har gjort alt klart og har avtale med alle medarrangørane våre, så vi er klar dersom samfunnet kan opne opp litt meir. Men vi ser jo no at vi er inne i ei tredje bølgja, og påskeferieveka vil vere kritisk for smitteutviklinga no. 

Viss det ikkje er mogeleg å gjennomføre arrangementet den 30.april, må styret vurdere om vi skal samle dei som allereie har meldt seg på til eitt arrangement den 16.mai. Dette tek styret også stilling til rett etter påske, avsluttar Thorsen.