Årets distriktfinale i sykkelkonkurransen vart arrangert ved Førdehuset i dag. Det var til tider vel vått, men elevane tok det sporty. 

36 elevar frå 8 skular var påmelde til distriktsfinalen, frå Bulandet ytst i havgapet til Hyllestad, Dale, Eikefjord og Førde. Elevane skulle øve seg på tre praktiske baner ute i tillegg til ein teoriprøve. Dei to beste gutane og dei to beste jentene går vidare til landsfinalen på Dal på Romerike den 13.juni. 

I år var vi så heldige å få med avisa Firda, som ynskte å lage eit videoinnslag til nettsida, samt reportasje i papirutgåva som kjem ut torsdag. I tillegg ynskte NRK Sogn og Fjordane å sende direkte frå konkuransen i ettermiddagssendinga, akkurat når vi hadde fått kåra vinnarane. 

Og vinnarane frå Fjordane og ytre Sogn er:

- Ole André Haugland, Førde

- Adrian Sander Ramsdal, Eikefjord 

- Sara Kristine Hesjedal, Eikefjord

- Tori Fu Haugsbakk, Dale

Om nokre av vinnarane når til topps i landsfinalen ventar deltaking i den internasjonale finalen med NAF sine søsterorganisasjonar i Europa i september.