NAFFEN er komen til avdelinga vår. Denne flotte NAF-løva har vi no til odel og eige, og vil bruke den i samband med aksjonar og besøk i skular og barnehagar. NAFFEN har allereie rukke å bli veldig populær blant båe barn og vakne der han har vore rundt i landet til no. 

Visste du at NAFFEN ha ein eigen trafikkboks som barnehagar kan bestille? Ved hjelp av denne trafikkboksen kan barn lære trafikktryggleik på ein morosam måte. Boksen inneheld også eit aktivitetshefte som vi i avdelinga har fått oversatt til nynorsk for vårt fylke. Ta kontakt med avdelinga viss du har spørsmål om trafikkboksen. 

NAFFEN gler seg til å treffe deg!