Vi i lokalavdelinga tek mål av oss at vi skal skape lokal verdi for deg som medlem - at du skal føle at vi viser att både når det gjeld trafikktryggleiksarbeid og politisk påverknad for gode og trygge lokalvegar. Men til dette arbeidet treng vi flinke hender og tydelege stemmer. Difor søkjer vi deg som kan tenkje å engasjere deg litt meir som medlem i NAF, anten som tillitsvalgt eller som frivillig. 

Som tillitsvalgt vil du ha ei rolle anten i styret eller i førebuande utvalg for styret, som t.d valnemnd eller samferdslepolitisk nemnd. Her vil det vere ein fordel med erfaring frå styrearbeid og å kjenne til formelle reglar og prosedyrer i eit styre. Det vil vere litt fastare styreaktivitetar, innkallingar m.m.

Som frivillig står du litt friare til å stille opp på nokre av aktivitetane vi treng hjelp med, og du kan feks inngå i eitt av våre fem arbeidsutval, som har til oppgåve å gjennomføre ulike aktivitetar ute i kommunane vi dekkjer. Slike aktivitetar kan vere refleksaksjonar, aksjon trygg skuleveg, aksjonar rundt rassikring og farlege eller dårleg vedlikehaldne vegstrekningar m.m. Her kan du også bidra med hjelp i samband med ungdomsarrangement i Kråkenesmarka 30.april og 16.mai, sikker på sykkel, aktivitetar med vår bilveltsimulator, promillebriller og anna. Ofte treng vi hjelp til frakt av utstyr, vakter og instruktørar. Ofte treng vi nokon som har sertifikat for hengar, lastebil eller buss. 

Om du brenn for trafikktryggleik eller samferdslepolitikk vil du kunne passe inn i eitt av to utval vi skal ha. Vi er partipolitisk uavhengige, men ikkje politisk nøytrale. Vi vil alltid ha ei meining, men den er ikkje avhengig av partitilknytning. Mange synest det kan vere vanskeleg å berre vere samd med eitt parti. Her treng du ikkje det. Her kan du jobbe for akkurat det du meiner er viktig. 

Korleis kan du melde di interesse?

Valnemnda jobbar no med å kome i kontakt med medlemmar som kan tenkje seg verv eller å vere frivillig i avdelinga. Då kan du anten ta kontakt med leiar i valnemnda; Atle Lerpold atle@lerpold.no eller du kan sende ein mail til vår e-post fjordaneogytresogn@naf.no, så formidlar vi di interesse vidare. 

Og du? Du kjem vel på årsmøtet vårt? 

Vi held årsmøte på Comfort Hotel Victoria i Florø laurdag den 14.mars 2020. Nærare informasjon om årsmøtet kjem seinare.