Styret i avdelinga la laurdag fram innstilling om å etablere eigen NAF MC-klubb i Sogn og Fjordane. Denne slutta dei frammøtte seg til. 

Vi ser at vi i dag har motorsyklistar i Sogn og Fjordane som i dag er medlemar i NAF Mc-klubbar i andre fylke fordi det ikkje finst NAF MC-klubb i Sogn og Fjordane, seier styreleiar Bente Liabø Thorsen. Vi vil no gå ut og lodde stemninga for å etablere eigen NAF MC-klubb i vårt fylke saman med dei andre tre NAF lokalavdelingane i Sogn og Fjordane. 

Det er høve til å melde seg inn i NAF MC sjølv om ein allereie er medlem av andre MC-klubbar. NAF MC har ikkje eigne klubblokaler, men vi vil tilby trafikksikkerhetskurs og arrangere fellesturar i motorsykkelsesongen. 

Vi vil den næraste tida prøve å invitere til eit informasjonsmøte om NAF MC og sjå kva interesse som finst i fylket, seier Thorsen