Vanlege møtesaker og enkel servering.
Det vert også gratislotteri.
Tema: Autopass på ferje, ved Jan Åge Berge.
Her får ein vite korleis den nye ordninga fungerer, og ein kan få svar på alt ein lurer på rundt anskaffing og bruk av autopassbrikke på ferje.
Saker ein ynskjer å ta opp på årsmøtet må sendast til leiar Jon Fimreite på e-post: j-fim@online.no.
Frist: 15. august 2020
* Covid-19 *
Me følgjer anbefalingane frå FHI og forskriftsfesta krav i Covid-19-forskrifta. Det blir satt fram handdesinfeksjon og me plasserer stolane med 1 meters mellomrom. Alle som deltek blir registrert med namn og nummer, for å kunne bistå kommunen ved ei eventuell seinare smitteoppsporing. Me minner også om god hand- og hostehygiene, god avstand til dei andre (minst 1 meter) både før, under og etter møtet, ingen handhelsing eller klemming, og ber om at du held deg heime om du har symptom på luftvegsinfeksjon eller covid-19.
Velkommen!