Påska er ei høgtid der særs mange ferdast på vegane og det er spesielt i slike samanhengar viktig å sjekke at bilen er klar og sikker til langtur.
NAF sin påskeaksjon fokuserer spesielt på trafikktryggleik i samband med påskeutfarten, og vil dele ut brosjyrer, dekkmerker med djupnemålar, og refleksvestar til born til dette føremålet. I tillegg er eit mål med aksjonen å synleggjere NAF lokalt, medlemsfordelane på drivstoff og samarbeidet med Circle K.
Me ynskjer med dette å auke bevisstheita rundt det å pakke bilen smartast mogleg til langtur og kor viktig det er med korrekt lufftrykk i dekka. Lokalavdelinga fyller i tillegg opp med gratis spylarvæske til dei besøkande, og i brosjyren vil de finne aktiviteter til borna i bilen. Circle K-stasjonen stiller med gratis is frå Diplom-is.
Me håpar mange tek turen innom.
Velkommen!