Me vil samtidig oppfordre foreldre og andre vaksne til å vere gode refleks-rollemodellar i kvardagen, og minner om at refleksen bør henge i knehøgd, at ein bør bruke to refleksar for å bli sett frå begge sider, og at dei beste refleksane bevegar seg ved bruk.

Visste du forresten at 
- refleks gjer deg synleg på 140 – 400 meters hald?
- utan refleks vil du først bli oppdaga på 25 – 30 meters hald?
- ein bilist som køyrer med nærlys i 50 km/t har 2 sekund på å oppdage ein fotgjengar utan refleks? Bruker du refleks aukar denne tida til 10 sekund.
- 40% av alle fotgjengarulykker skjer i mørket?
- om du brukar refleks reduserer du denne risikoen med opptil 85%? 
(Fakta henta frå Statens vegvesen, www.vegvesen.no)