Det vert halde sykkelkonkurranse for 5-7. klassingar i Indre Sogn på øvingsbana på Kaupanger torsdag 28. mai.
Konkurransen består av ein sykkeldel og ein teoridel.
Dei 2 beste jentene og dei 2 beste gutane vil få moglegheit til å gå vidare til landsfinalen laurdag 13. juni i Letohallen.