For 6. gong arrangerte NAF avd. Indre Sogn sykkelkonkurranse. For 4. gong avvikla me konkurransen innandørs i hallen på Vesterland feriepark.

Det var 16 skular som var inviterte til å delta. Dei inviterte var elevar i 4., 5. og 6. klasse. Av desse var det 8 skular som ønskte å vera med. Dette er ei auking frå i fjor - noko me tykkjer er veldig kjekt! Skulane fekk tilsendt materiell frå NAF avd. Indre Sogn som dei skulle bruke til si interne tevling på skulane.

Etter at skulane hadde gjennomført opplegget fekk lokalavdelinga påmelding til sjølve distriktsfinalen. Det var 7 gutar og 5 jenter som deltok.

Sjølve konkurransen var delt i to: Først ein praktisk del og deretter ein teoretisk del med spørsmål om diverse trafikkrelaterte ting. I den praktiske delen skulle elevane gjennom fjorten ulike øvingar.
Ved feil gjennomføring fekk ein prikkar.

Resultatet av prikkane og feil svar i teorien vart slegne saman. Dei med færrast poeng vann.

Årets vinnar i guteklassen vart Frode Sjøtun Kvam. I jenteklassen vant Anna Marie Bremer. Begge går i 6. klasse og er frå Hafslo.

Landsfinalen blir arrangert den 1. juni i Letohallen på Romerike. Me ønskjer Frode og Anna Marie lykke til der!

Me i avdelinga tykkjer det er kjekt at fleire skular deltok i år, men det er framleis plass til fleire. Me vil også takke Vesterland feriepark for å få låne hallen til dette arrangementet.