Sikker på sykkel, distriktsfinale Vesterland Feriepark 23. mai 2017

For 4. gang arrangerte NAF avd. Indre Sogn sykkelkonkurranse. Det heiter no Sikker på sykkel (NAF sentralt har endra namn på konseptet for i hovudsak å flytte litt av fokuset frå konkurranse til å vere sikker på sykkel).  

For 2. gong avvikla me konkurransen innandørs i hallen på Vesterland Feriepark. Dette fungerte bra i fjor, og me ynskja at deltakarane skulle kunne ha nokolunde like forhold mht. landsfinalen som i år også skal vere i Letohallen på Romerike den 17. juni. 

4., 5. og 6. klasse frå 13 skular var inviterte til å delta, og av desse fekk me påmelding frå 7 skular. Til slutt var det 15 elevar frå 4 skular som deltok i sykkelkonkurransen, der seks var gutar og ni var jenter.

Sjølve konkurransen var i år gjort litt mindre mht. talet øvingar enn i fjor. Men ein del av øvingane var vanskelege. Blant øvingane var det sykling på smal veg, slalåm, vending i trangt rom og plankekøyring. Ved feil gjennomføring fekk ein prikkar.  

Etter at syklinga var gjennomført var det teoretiske oppgaver, så vart resultatet av prikkane og feil svar i teorien slegne saman. 

Årets vinnar i guteklassen vart Jakob Tokvam (6. klasse) frå Aurland. I jenteklassen vant Marte Turlid (4. klasse) frå Aurland. 

Desse vil delta i landsfinalen som skal arrangerast den 17. juni i Letohallen på Romerike.

Vedlagt bilete viser deltakarane. Vinnarane er dei som har sykkel. 

 

- Jan Åge Berge
(lokalavdelinga sin arrangør av konkurransen)