Sykkelkonkurransen, distriktsfinale Kaupanger øvingsbane 28. mai 2015

For 2. gong heldt NAF avd. Indre Sogn distriktsfinale for skuleelevar som går i 5-7. klassetrinn. Me hadde invitert alle skulane som ligg under vår avdeling. Det var 4 skular som hadde meldt seg på, men grunna diverse praktiske utfordringar vart det berre 2 skular som deltok. Dette var elevar frå Leikanger og Aurland.

Sjølve konkurransen blei avvikla med ein sykkeldel og ein teoridel. Totalt deltok det 8 stk. i finalen. Av desse vart det kåra 4 vinnarar. Dei 2 beste jentene og dei 2 beste gutane kunne få moglegheita til å gå vidare til landsfinalen som gjekk av stabelen den 13. juni i Letohallen.

Sjølve sykkeldelen var delt inn i 3 baner, med totalt 15 forskjellige øvingar. Mellom anna 8-tal, under hinder, skråplanke og slalåm. Etterpå var det teoretiske oppgåver. Alle som deltok gjorde ein fin innsats!

Vinnarane vart: Sigve Skjerdal og Anne Lena Turlid frå Aurland barne- og ungdomsskule, samt Fredrik Skårhaug Talle og Kari Gjengedal frå Leikanger skule.

 

Landsfinalen, Letohallen på Dal, 13 juni

I landsfinalen deltok 2 frå Aurland barne- og ungdomsskule. Det var totalt 72 deltakarar frå heile landet som deltok. Sigve Skjerdal kom på 1. plass i sin klasse. Anne Lena Turlid kom på ein 12 plass. Gratulerer med kjempebra resultat!