Sykkelkonkurransen, distriktsfinale Vesterland Feriepark 19. mai 2016

Nytt av året var at me denne gongen ville prøve å avvikle konkurransen innandørs i hallen på Vesterland Feriepark. Dette for å kunne få det meir likt mht. landsfinalen som blir arrangert i Letohallen på Romerike.

Det var påmeldt 15 stk. til distriktsfinalen frå 4 skular. Det var 13 skular som var inviterte til å delta. Av desse 15 var det 12 som møtte opp. 4 gutar og 8 jenter.

Sjølve konkurransen var lagt opp med -i utgangspunktet- 3 forskjellige baner. Men det blei valt å slå saman desse. Gjennomføringa av konkurransen blei dermed lettare. Det var 16 forskjellige øvingar dei skulle gjennom. M.a. feltskifte, humpete veg, diverse plankar, 8-tal og trangt rom. Nokre av øvingane var lette, medan andre var meir vanskelege.

Etter at syklinga var gjennomført var det teoretiske oppgaver. Ved feil gjennomføring fekk ein prikkar. Resultatet av prikkane og feil svar i teorien vart slegne saman.

Årets vinnar i guteklassen vart Erling Tørud Håland frå Flåm

Årets vinnarar (det var to med lik poengsum) i jenteklassen vart 
Tora Øfsteng Borlaug og Jenni Børresen, begge frå Flåm.
(Biletet av dei tre vinnarane er henta frå nettsida til Flåm skule.)

Desse tre vil delta i landsfinalen som skal arrangerast den 11. juni i Letohallen på Romerike.

Venleg helsing

Jan Åge Berge
(lokalavdelinga sin arrangør av konkurransen)