Vi er ei aktiv avdeling med NAF-senter plassert på Øyrane i Førde. Avdelinga jobbar for trygge og gode vegar i vårt område gjennom eige samferdsleutval, høve til å prøve simulert bilvelt i vår "Veltepetter", sykkelkonkurranse for born frå 4.-6.klasse og aktivitetskveld for 10.klassane i vårt område. Avdelinga har også øvingsbane i Stardalen. Vi samarbeider tett med øvrige lokalavdelingar i Vestland fylke.
Lokalavdeling Fjordane og Ytre Sogn
Lokalavdelinga vart skipa i 1932 og har over 6000 medlemar. Vi dekkjer kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Kinn (den del som før var Flora kommune), Sunnfjord kommune, Hyllestad, Høyanger og Solund.