Også i år tilbyr lokalavdelinga eit rusfritt alternativ til den tradisjonelle russefeiringa for avgangselevar i grunnskulen. Her vert det garantert fart og moro, men også fokus på å lære elevane trafikktryggleik. 

Aktivitetane kan variere noko, men faste aktivitetar er go-cart, paintball, førstehjelp og veltepetter. I tillegg kan det verte bogeskyting, radiostyrte bilar og bråstopp. 

Ynskjer du som klassekontakt å melde på din klasse? Ta kontakt med leiar i avdelinga.