Vårt arrangement i Kråkenesmarka har etterkvart blitt ein årleg begivenheit som er utruleg populær blant elevane. Her får dei prøve seg på førstehjelp, simulert bilvelt, bogeskyting, paintball, fjernstyrte radiobilar og go-cart. Her prøvar vi å kombinere læring og litt action. 

Arrangementet tek til klokka 18:00, men elevane bør kome litt før for å få naudsynt informasjon saman med dei som er sett opp som gruppeansvarlege. 

Vi held eige informasjonsmøte om arramgementet ca ei veke før for dei skulane som er påmelde. 

Pris pr elev er kr 300,-. Dette dekkjer aktivitetar og brus og pizza frå Peppes på slutten av kvelden. Elles vil det vere kiosksal med høve til å kjøpe mat og drikke fram til pizzaen kjem. NB! Kvar skule må betale inn samla på førehand!! 

Av tryggleiksgrunnar har vi ei øvre grense på 180 elevar. 

Påmelding kan gjerast til Bente Liabø Thorsen, mobil 913 11 107 eller e-post fjordaneogytresogn@naf.no