Det har vore fleire saker om dårleg eller feil sikring av barn i bil i media det siste. Sjølv om det er færre barn som vert drepne i trafikken i dag på grunn av sikrare bilar, er det framleis mange og til dels alvorlege skader ved trafikkulukker og kollisjonar. 

NAF ynskjer å sette fokus på sikring av barn i bil, og inviterer til temakveld saman med barneutstyrsbutikken Gyngehesten torsdag 25.april klokka 18:00 i Gyngehesten sine lokale i Naustdalsvegen 1B i Førde. 

Program for kvelden:

- Plikter ved tafikkuhell ved Politiet

- Førstehjelp ved trafikkuhell ved Ambulansetenesta

- Sikring av barn i bil ved Viggo Vangberg frå HTS

- Praktiske øvingar med bilveltsimulator 

 

Det vert enkel servering. 

 

Alle er velkomne!