Våre to arrangement i Kråkenesmarka har etterkvart blitt ein årleg begivenheit som er utruleg populær blant elevane. Her får dei prøve seg på førstehjelp, simulert bilvelt, bråstopp, bogeskyting, paintball, fjernstyrte radiobilar og go-cart. Her prøvar vi å kombinere både læring og action. 

Sjølve aktivitetane tek til klokka 18:00, men elevane bør kome litt før for å få naudsynt informasjon saman med dei som er sett opp som gruppeansvarlege. 

Vi held eige informasjonsmøte om arrangementet i Førde ca ei veke før for dei skulane som er påmelde. 

Pris pr elev er kr 300,-. Dette dekkjer aktivitetar samt brus og pizza frå Peppes på slutten av kvelden. Elles vil det vere kiosksal med høve til å kjøpe mat og drikke fram til pizzaen kjem.

NB! Kvar skule må betale inn samla på førehand!! Dette er særs viktig for at vi skal kunne klare å halde oversikt over innbetalingane. 

Av tryggleiksgrunnar har vi ei øvre grense på 180 elevar pr kveld. Kva skular som får plass vil m.a. avhenge av elvtalet og kor mange vi klarar å få med samla. 

Påmelding kan gjerast til Bente Liabø Thorsen, mobil 913 11 107 eller e-post fjordaneogytresogn@naf.no