NAF Avd. Fjordane og ytre Sogn arrangerer også i år rusfri ungdomskveld for elevar i 10.klasse i Kråkenesmarka. Dette er eit tilbod til elevar i kommunane Bremanger, Kinn (berre tidlegare Flora kommune), Sunnfjord, Høyanger, Fjaler, Askvoll, Hyllestad og Solund.

Vi planlegg 6 aktivitetar: gokart, paintball, bogeskyting, førstehjelp, bråstopp/ veltepetter og rus-, promille- og slitenheitsbrilller. Det vert sett opp tidsskjema for aktivitetane og elevane vert inndelt i 6 grupper på maks 30 elevar i kvar gruppe. Når aktivitetane er ferdige om kvelden vert det servert brus og pizza frå Peppes inne i Skyttartun. Vi begynner sjølve aktivitetane klokka 18:00, men det vert gjeve felles informasjon til alle ved Skyttartun klokka 17:30. Vanlegvis er arrangementet ferdig til ca kl 00.00.

Vi har plass til maks 180 elevar kvar av kveldane. I tillegg må klassen stille med ein vaksen pr 5-6 elevar. Dei vaksne vil få tildelt ulike oppgåver. Minst ein vaksen frå kvar klasse må delta på informasjonsmøte i Førde i forkant av arrangementet. Meir informasjon om dette vil de få etter påmelding.

Vi har no gjort nokre endringar i høve tidlegare år. Som følgje av kommunesamanslåinga vil elevar frå Sunnfjord kommune bli prioritert til den 30.april og elevar frå dei andre kommunane ha prioritet 16.mai. Vi fyller opp plassane så godt vi klarar og så langt vi har plass. Dette kan bety at dersom ein klasse ikkje får plass den eine kvelden, så får dei evt tilbod om å vere med den andre kvelden dersom der er plass. Vi tek ikkje sikte på å splitte klassar på dagane for å få plass til alle. Vi har altså plass til totalt 360 elevar på begge kveldane, så her gjeld det å vere tidleg ute med påmelding. I år går invitasjonen til alle skulane samstundes, så ingen har til no fått reservere plass.

For alle aktivitetane ute samt brus og pizza på slutten av kvelden er elevbetalinga kr 300,-. Vi ynskjer samla innbetaling frå klassen før arrangementet til konto 3705.01.58110.

Vi tek sikte på kiosksal frå elevane kjem til det vert servert pizza om kvelden, slik at ikkje nokon vert gåande svoltne. Om det er skular som kan tenkje seg å ta på seg kiosksalet må vi få beskjed om dette. Om kiosksalet vert i NAF-regi vil vi bruke Vipps for betaling, ikkje kontantkasse.

Om nokon av elevane eller klassane ynskjer å bidra med underhaldning eller anna på slutten av kvelden er dette flott. Då vil vi gjerne høyre kva de kan bidra med. Det kan vere musikk, sang, spel, quiz som nokre døme.

Etter at arrangementet er ferdig på kvelden må vi ha vaksne som kan vere att og hjelpe oss med rydding og vasking før vi forlet lokala.

Har de spørsmål vedkomande arrangementet er det berre å ta kontakt!

 

Påmelding til: fjordaneogytresogn@lokal.naf.no så langt det er plass og innan fredag 1.april.

NB! Vi må ha beskjed om eventuelle matallergiar eller vegetar/vegan!