Aktivitetskveld i Kråkenesmarka

Det vert aktivitetskveld for ungdom i Kråkenesmarka i år og

Også i år vert det aktivitetskveld for ungdom i 10.klasse i Kråkenesmarka 30.april og 16.mai. Vil din skule vere med?


Aktivitetskveldane for ungdom i 10.klasse har blitt ei årviss hending 30.april og 16.mai. Saman med våre samarbeidspartar er vi klare i år også!

Arrangementa i Kråkenesmarka har fokus på trafikktryggleiksaktivitetar for ungdom. Vi har med oss ein bilveltsimulator og ein bråstopp, der riktig bilbeltebruk og fart står i fokus. Vidare samarbeidar vi med Førde Røde Kors Hjelpekorps om førstehjelp. Vi har også ein aktivitet med brannsløkking. I tillegg til desse aktivitetane får dei prøve seg på gokart, paintball og bogeskyting.

invitasjon til arrangementa går til ungdomsskulane i Kinn (gamle Flora kommune), Sunnfjord, Bremanger, Høyanger, Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund. Kvar av kveldane er det plass til inntil 180 elevar, som vert inndelt i seks grupper á maks 30 stk. Arrangementet 30.april er primært tiltekt skulane i Sunnfjord, men om dette er ein dato som høver betre for andre skular også, så er vi fleiksible. Klassen må stille med ein vaksen pr 5-6 elevar. Eigenandel pr elev er kr 300,- som dekkjer alle aktivitetane og ei brus og pizza på slutten av kvelden.

Bindande påmelding innan 1.april til fjordaneogytresogn@lokal.naf.no Det er høve til etterpåmelding dersom det framleis er ledige plassar. Vi ynskjer samla innbetaling frå klassen.

30. januar 2024

Fant du det du lette etter?