
Vil du vere med som aktiv i lokalavdelinga?
Kunne du tenkje deg å bruke litt av fritida di på å jobbe for betre trafikktryggleik og samferdsle i området der du bur? Eller kunne du tenkje deg å stille som frivillig med dei rette vognkortklassane når vi treng å få frakta utstyr til aksjonane våre? Då er gjerne NAF-avdelinga vår stedet for deg.
- Eg ramla inn i NAF nær sagt ved ein tilfeldigheit, seier styreleiar Bente Liabø Thorsen. Ho har vore med i NAF Avd Fjordane og Ytre Sogn sidan ho kom inn som vara til styret i 2007. Sidan har ho hatt fleire sentrale verv i NAF, m.a. som hovedstyremedlem, medlem i sentral samferdselspolitisk komite, sentral valgkomite med meir.
Å få vere med som tillitsvalgt og frivillig i NAF har gitt meg svært mykje, seier Thorsen. - Eg har fått mykje fagleg påfyll etter at eg utdanna meg innan statsvitenskap og skreiv masteroppgåva mi om sentrumsringen i Bergen. Eg har også opplevd ei enorm utvikling i min erfaring med styrearbeid. Men NAF er også ein arena for sosialt fellesskap og langvarige vennskap, og i NAF er vi genuint opptatt av trygg og god samferdsle.
I vår lokalavdeling har vi aktive tillitsvalde/frivillige fordelt på eit lokallagsstyre, fire arbeidsutval, samferdsleutval og valnemnd. Leiarane av arbeidsutvala har fast plass i lokallagsstyret. NAF er partipolitisk uavhengig, men jobbar breitt politisk for god samferdsle.
I arbeidsutvala er hensikta å jobbe meir lokalt med trafikktryggleksaktivitetar, ha kontakt med skular/FAU og barnehagar, dele ut refleksar, samarbeide med Politiet om trygg skuleveg og vere med på marknadsdagar og stands som vi arrangerer. Du må ikkje vere NAF-medlem for å gjere ein innsats for NAF i ditt nærområde, men vere med oss å støtte ei viktig samferdslesak eller ei anna sak som gjev betre trafikktryggleik.
I samferdsleutvalet jobbar vi meir samferdslepolitisk inn mot kommunale- og fylkeskommunale myndigheiter. Vi er samarbeidspart i kontaktutvalet for E39 i Sogn og Fjordane.
Valnemnda si oppgåve er å finne gode kandidatar til styret og arbeidsutvala. For å sitte i valnemnda er det krav om at du er NAF-medlem. Du må også vere NAF-medlem for å dere valgbar til styret i lokallaget.
Vi har eit godt og triveleg miljø i lokallaget, så du vil verte godt teke imot som ny tillitsvald/frivillig. Det er også gode utsikter til sentrale verv seinare for dei rette kandidatane.
Fram mot årsmøtet vårt i mars månad skal vi no begynne å jobbe med å finne kandidatar til lokale verv. Samstundes har vi alltid behov for frivillige som vil gjere ein innsats.
Høyrest dette interessant ut? Ta kontakt med styreleiar Bente Liabø Thorsen på tlf 913 11 107 for meir informasjon.
Fant du det du lette etter?