![Konvoi for E39 Storehaugen - Førde](https://cdn.sanity.io/images/b54da18c/nafno_prod/92737f5359e885c249d21db7ddcd31eea8342e50-640x480.jpg)
Vil gi alt for Hafstadfjelltunnellen
Hafstadfjelltunnellen handlar om liv og død, og god beredskap.
NAF, Norsk Lastebileigarforbund, Stamvegutvalet for E39 i Sogn og Fjordane, arbeidstakarorganisasjonane innan transport og næringslivet i Førde står samla bak kravet om oppstart for E39 Storehaugen - Førde i 2025.
- Dette handlar om liv og død, beredskap, omkøyringsmogelegheiter og mogelegheit for sentrumsutikling i Førde, seier styreleiar i NAF Avd Fjordane og Ytre Sogn, Bente Liabø Thorsen.
Saman med Norsk Lastebileigarforbund i Vestland har NAF-avdelinga teke initiativ til å arrangere ein konvoi på E39 frå Verftet i Førde, opp Halbrendslia til Kårstad sitt anlegg på Storehaug og ned att på Verftet.
- Nasjonal Transportplan skal leggast fram i mars månad, så no gjeld det at alle krefter står saman for å få oppstart på dette prosjektet i 2025 og ferdigstilling i 2030, seier ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling
Sist oppdatert: 1. februar 2024
Fant du det du lette etter?